Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Skift”


Dette filteret flytter, eller skifter, alle pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet meir eller mindre tilfeldig innføre gitte rammer.

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Forvrengningar → Skift

Innstillingane for filteret Skift

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Skift Horisontal/Vertikal

Desse bestemmer kva retning pikslane skal skiftast.

Skiftavstand

I skiftfilteret blir pikslane flytte meir eller mindre tilfeldig. I kontrollen Skiftavstand kan du bestemme maksimalavstanden som pikslane skal flyttast.