Revision History
Revision $Revision $ 2008-02-04 kost

Vindauget for Ordne fargekartet på nytt

Denne kommandoen blir brukt for å ordna rekkefølgja for fargane i fargekartet for indekserte bilete. Sjølve biletet blir ikkje forandra. Det er heller ikkje råd å legge til eller fjerna fargar, då må du bruke dialogen for indeksert palett.

Du har tilgang til denne dialogen frå biletmenyen via Fargar → Kart → Ordne fargekartet på nytt. Sidan funksjonen bare kan brukast på indekserte bilete, er menyvalet gråa ut som uverksamt dersom biletet ikkje er indeksert.

Forklaringane gjevne i dialogvindauget er eigentleg nok. Du kan klikke og dra fargane rundt på fargekartet eller sortere dei på ulike måtar ved å høgreklikka i dialogvindauget for å få fram lokalmenyen:

Lokalmenyen for Ordne fargekartet på nytt