Eksempel på bruk av filteret

Filteret “Sjakkbrett”

Eksempel på bruk av filteret

Sjakkbrett med “Psychobilly”


Dette filteret bytter ut innhaldet i det aktive laget med eit sjakkbrettmønster med fargane frå for- og bakgrunn i verktøykassa.

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Teiknefilter → Mønster → Sjakkbrett

Innstillingane for filteret Sjakkbrett

Psykobilly

Dersom denne er aktivert, vil sjakkbrettet få ein ekstra kuledimensjon som kan minne om sofaputer. Forma på kulene er avhengig av kor store sjakkrutene er.

Storleik

Her bestemmer du kor store rutene skal vere. Måleeininga er normal pikslar, men du kan du velje andre etter behov.