Revision History
Revision $Revision: 2416 $ 2007-02-06 KoSt

Kommandoen Dagens tips opnar eit vindauge med nettopp Dagens tips. Dette er hint som kan hjelpe deg til betre å forstå ein del av dei tinga du kan gjere i GIMP. Ofte ting som ikkje er lette å oppdaga direkte frå dei vanlege metodane. Dette er særleg nyttig for nye brukarar, men også dei avanserte kan av og til oppdaga nye måtar å gjere tinga på.

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå verktøymenyen via Hjelp → Dagens tips

Dialogvindauget forDagens tips

Det blir gitt eit nytt tips kvar gong du opnar GIMP. Dersom du ikkje ønskjer denne funksjonen, kan du slå han av ved å avmarkere i boksen Vis dagens tips ved opning av GIMP.